Hamnereglement

Organisering

  • Hamna vert styrt av hamnesjefen som vert vald av årsmåtet. Hamnesjefen rapporterer til styret.
  • Hamnesjefen tildeler medlemene plass i bryggja. Medlemene eig ikkje den konkrete delen av kaiplassen dei vert tildelt, berre ein andel. Hamnesjefen kan byta om plassar dersom det er nødvendig for maksimal utnytting av flytebryggja.
  • Hamnesjefen held oppsyn med flytebryggja, opplags- og parkeringsplass.
  • Hamnesjefen kallar inn til dugnad og fører timerekneskap over denne.
  • Hamnesjefen har myndighet til å kjøpa nødvendig utstyr og verktøy etter avtale med styret.

Forsikring

Medlemene vert oppmoda om å forsikra båtane sine med omsyn til ansvar for skade på andre.

Fortøyning

Båtane skal liggja med baugen inn mot flytebryggja og fortøyast med tilstrekkelig dimensjonert tau. to tau forut – ett til kvar side. Det same akter. På grunn av vêrtilhøva er det svært viktig at det vert brukt strekkavlasning på fortøyningane forut. Akterut er det bevegelse i bommane som skal være nok. Strekkavlastningane skal vera av gummi – eller stålfjører.

Dersom hamnesjefen kjem over feil eller dårleg fortøyning, skal han varsla båteigar som skal utbetra fortøyningane så fort som råd. Hamnesjefen kan syta for rett fortøyning på båteigars rekning dersom det er nødvendig for tryggleiken for hamna og dei andre båtane.

Reingjering

Det er andelsegarane som skal syta for at blåskjell og annan marin groe vert fjerna fra fortøyningsbom og gangbar utriggjar i båtplassen dei nyttar. Når utriggjarar, tauverk eller brygger vert tekne på , må marin groe (blåskjell etc.) fjernast same dag, ellers vert det vond lukt i hamna.

Kaikrana

Krana er ikkje formelt godkjent. Den må difor brukast på eige ansvar. Maksimal løfteevne er 500 kg.

Sakte fart

Ferdsel både på land og sjø skal skje med vørdnad, farten skal senkast og båtførarane skal ta omsyn til andre.

Skader som blir påført andre skal skadeutøvar gjer opp for. Grove brudd på skikk og bruk kan føra til tap av båtplass og medlemskap.

Stortleiken på båtane

Flytebryggjene er tilpassa båtar med maksimalt åtte meters lengde. Større båtar må avtalast med hamnesjefen og styret. Dette av omsy til vêr- og hamnetilhøva. Større båtar vil gje høg sikkerhetsrisiko og slitasje.

Med båtens storleik meiner en totoal lengde og breidde. Eventuell ilandstigningsplatting forut og plattform akterut skal reknast med. Seglførande båt med klyverbom må kunna fjerna klyverbommen når båten ligg i flytebruggja, eller vert klyverbommen rekna med i båtens lengde.

Båtane skal liggja på sjøen i sommerhalvåret, dvs. månadene april til og med september. Medlemer som har trong for å ha båten på land om sommaren, må avtala dette med hamnesjefen. Utleiger (JRT) har sett dette som krav i leigekontrakten.

Leigekontrakten

Leigekontrakten omfattar bruk av straum til vedlikahald av hamn og båtar. Påkopling i det raude naustet.

  • Straum til oppvarming av båt og anna forbruk må avtalast direkte med utleigar (JRT).
  • Ferskvatn vert kopla opp på opplagsplassen når det ikkje lenger er frost.
  • Avfall skal takast med heim
  • Skjel og avskrapning frå båtpuss skal ryddast bort.
  • Opplagsmateriell skal stablast fint saman, eller takast med heim.
  • Det skal ikkje sløyast fisk i hamna.

Parkering

Det er ein bilparkeringsplass til kvar båtplass på sommartid dersom ein utnyttar plassen rett. Ikkje set bilen ytst på kaien, plassen der vert brukt til om bord- og ilandstigning.

Bading

Det skal ikkje foregå leik og badeliv får flytebryggja.

Utleige av båtplass i flytebryggja

  • Medlemer som ikkje brukar sin plass i flytebryggja, kan leiga den ut sjølv – eitt år om gongen – etter avtale med hamnesjefen.
  • Hamnesjefen skal av sikkerhetsomsyn ha opplysningar om leigetakar.
  • Leigetakar har same plikter som faste medlemer.

Hamnerelementet er sist revidert av årsmåtet i Tveit Båtlag 9. august 2014